Vardal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vardal er ein tidligare sjølvstendig kommune i Oppland fylke oppretta som Vardal formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1861 vart Gjøvik skilt ut frå Vardal som eigen kommune. Vardal hadde etter delinga 4 114 innbyggjarar, Gjøvik 626.
1. januar 1896 vart ein del av Østre Toten kommune med 49 innbyggjarar overført til Vardal.
1. januar 1900 vart ein ubygd del av Søndre Land overført til Vardal.
1. juli 1921 vart ein del av Vardal med 723 innbyggjarar overført til Gjøvik og på samme dato i 1955 vart enno ein del med 1 372 innbyggjarar overført til Gjøvik.
1. januar 1964 vart det meste av Vardal (unntatt Sørligrenda), Biri, Gjøvik og Snertingdal kommunar slegne saman til den nye Gjøvik kommune. Den delen av Vardal som gjekk inn i Gjøvik hadde 9 612 innbyggjarar.
Sørligrenda i Vardal vart slegen saman med Eina, ein del av Gran og Vestre Toten til den nye Vestre Toten kommune. Ved samanslåinga hadde Sørligrenda 87 innbyggjarar.