Verdshav
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verdshava er dei store, ubrotne hava som skil kontinenta frå kvarandre. Det største av dei er Stillehavet, så kjem Atlanterhavet og deretter Det indiske havet. Sørishavet og Nordishavet vert gjerne òg rekna som verdshav. Det er International Hydrographic Organization, det internasjonale hydrografi-laget, som formelt seier kva som er verdshav og kor havgrensene går.
[endre] Dei sju hava
Tidlegare var det vanleg at sjømenn hadde segla på "dei sju hava". Dette vil seie at dei hadde vore på
- Nordishavet
- Sørishavet
- Det nordlege stillehavet
- Det sørlege stillehavet
- Nord-Atlanteren
- Sør-Atlanteren
- Det indiske havet
Skilja mellom dei nordlege og sørlege delane av hava må ha vore meir naturlege for dei som hadde opplevd dei enn grensene setne av hydrografilaget.