Vestlandsnytt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestlandsnytt er ei lokalavis i Møre og Romsdal, hovudsakleg for kommunane Herøy og Sande. Avisa hadde eit nettoopplag på 5403 i 2002 og kjem vanlegvis ut to gongar i veka (tysdag og fredag).
Avisa vart skipa i 1936, har hovudkontoret sitt i Fosnavåg og eit lokalkontor på Larsnes. Vestlandsnytt vert eigd og drive av Vestlandsnytt AS, og per 2005 er Jann Flatval redaktør.