Villa Rotunda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villa Rotunda er eit av dei mest kjende verka frå renessansen, og av skaparen Andrea Palladio. Bygget som eigentleg heiter Villa Almerico-Capra vart reist i renessansentidi, påbyrja i 1566 og fullført like etter århundreskiftet. Namnet Almerico er av byggherren, medan Capra kjem av brørne Capra som fyllførte bygget etter Palladios død.
[endre] Arkitektur
Renessansen dyrka dei reine geometriske formane, kvadraten og sirkelen. Difor er husets hovudform kvadratisk, og romma er orientert ikring eit sirkulert rom i husets midte (ein "rotunda"). Huset har to gjønomgåande aksar, som opnar huset i fire retningar. Den stramme symmetrien om aksane styrker husets geometriske uttrykk. Aksenes krysningspunkt er i rotundaens senter, som er dekt av ein stor kuppel, og kringsatt av ein baldakin med fire skjulte trapperom. I rotundaen møter ein vertikal akse dei to horisontale aksane. Ein kan oppleve husets sentrering både når ein ser huset utanifrå, og når ein kjem inn til kjernepunktet. I renessansen kom menneske i fokus, på grunn av alle dei monge nyvinningar og ekspedisjonar som hende i denne tidi. I arkitekturen fekk dette utslag i bygg som Villa Rotunda, som var ein kuliminasjon av retningar på jorda, og mot himmelen, men med menneske i midten.
[endre] Landskap
Villa Rotunda står i eit frodig åslandskap i Vicenza-dalen i det nordlege Italia. I tidi da bygget var reist var det ikkje uvanlegt at rike kjøpmenn og andre borgarlege ville etablere utfluktsheimar ute på landsbygda. Her kunne ein halde større fester så ein kunne vise seg fram til sine medborgarar. Villa Rotunda er difor plassert på ein av dei høgaste åsane og med jamnbyrdige fasader mot alle retningar. Huset, med sin kubistiske form, lét difor ut til å ha fire framsider, og tek difor til seg landskapet frå alle kanter. Fire portico-inngonger med svære trapper fører opp mot kvar veggs inngong. Dei svære trappane førar uterommet og landskapet med seg inn mot husets senter, som ein kan sjå i god avstand på grunn av den store kuppelen på taket.
[endre] Bakgrunnsstoff
Kommentarar og bilete på greatbuildings.com [1]