Vindaugehandsamar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein vindaugehandsamar er programvare for behandling av programvindauge på dataskjermen. Vindaugehandsmaren har ansvaret for å ordne posisjon, storleik og ein eventuell overlapping av dei ulike vindauga. Nokre støttar og bruk av ikon.
Operativsystema Windows og Apple Macintosh har ein standard vindaugehandsamar, som ikkje kan byttast ut. På Unix-liknande operativsystem har vindaugehandsamaren med vilje vorte holdt separat frå X Windows, det grafiske brukargrensesnittet, så brukaren har større valfridom korleis programvindauget ser ut.
Nokre vindaugehandsamarar legg vekt på å vere minimilastisk og lite ressurskrevjande. Desse passar godt på eldre datamaskiner. Andre legg vekt på diverse tilleggsfunksjonar og flott vindaugedekor. Dei fleste vindaugehandsmarane har likevell til felles at dei nyttar ei tittellinje, samt knappar for brukarkontroll av vindauget (sjølv om nokre vinduhandsmararar utelet sjølv det).
![]() |
Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over dataspirer. |