Vindkraftverk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vindkraftverk er ei nemning på eit kraftverk som produserer elektrisk kraft ved hjelp av energi frå vindkraft. I praksis skjer dette ved at vindmøller driv ein elektrisk generator. Eit vindkraftverk vil ofte verta utgjort av fleire vindmøller plassert i ein vindmøllepark. Eit av dei størte vindkraftverka i Noreg er Smøla Vindpark [1].
[endre] Miljømessige fyljer
Eit viktig argument for å byggja vinkraftverk har vore at dei er miljøvenlege, men etter at dei kom i drift har dei vorte kritisert for å skada naturen. Smøla Vindpark, til dømes, ligg midt i eit viktig hekkeområde for havørn og det har vist seg at ørnen vert drepen av vengene til vindmøllene [2]. Vindmølleparkane er òg kontroversielle på grunn av at dei fører til stør inngrep i naturen og for at dei ruvar godt i terrenger[3]
[endre] Referansar
- ↑ Status for drift og forskning i Smøla vindpark, Statkraft, 5/ 2006.
- ↑ Vil finne løsning på havørn-kollisjoner, Nordvestnytt, 19/5 2006
- ↑ Vindmøller til glede og til bry, Møre og Romsdal Fylke, 2/12 2005
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |