Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij (1894-1969) var ein russisk, seinare sovjetisk språkforskar og etnograf.
Tsjarnoluskij deltok i forskingsreisa til Kola-halvøya i 1927, der vart interessa hans vekt for samisk språk. Han samla inn etnografisk materiale, delar av dette vart publisert først 30-40 år seinare, på 1960- og 1970-talet.
Pausen på 30 år mellom forskingsreise og publisering heng saman med den nye sovjetiske språkpolitikken etter midten av 30-talet. Mange nasjonale akrivistar vart skulda for nasjonalistiske avvik, og samarbeid med fascistiske språkforskarar i andre land.
Tsjaroluskij kunne slå fast at dei samiske eventyra hadde teke opp i seg samanhengar mellom samane og komiane.
[endre] Bibliografi
- Tsjarnoluskij, V.V.: 1930: Materialy po bytu loparei. Leningrad 1930.
- Tsjarnoluskij, V.V.: 1962: Saamskije skazki (samiske eventyr)