Wenche Foss
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wenche "Foss" (Eva Wenche Steenfeldt Stang) (fødd 5. desember 1917 i Kristiania) er ein norsk skodespelar, ofte karakterisert som etterkrigstida sin store diva i norsk teater.
Foss debuterte i 1935 på Søilen Teater i Vilhelm Dybwads operette Taterblod. Ho markerte seg tidleg som operette- og lystskodespelar på fleire av Oslo sine scener. Hennar største operetterolle var som Hanna Glawari i Den glade enke i 1948. Det blei Centralteateret sin største suksess. Ho kom til Nationaltheateret første gang i 1952 og var der i 15 år. Etter ein periode på Oslo Nye Teater frå 1967 til 1978, avslutta ho karriera si som fast tilsett skodespelar, på Nationaltheateret frå 1978. Ho spelte 55 roller.
Hun byrja tidleg å spele inn film. I 1940 debuterte ho i Tørres Snørtevold og ho blei også kjend for rolla si i En herre med bart i 1942.
Dei seinare filmane hennar omfattar mellom anna stemma til tekanna i Disney-filmen Skjønnheten og udyret og hovudrolla i Gull og grønne skoger, ein kortfilm og svart komedie i Harald Zwarts regi, om einebuerska som vert forrykt i møte med media.
I 1988 vart ho utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.
Innhaldsliste |
[endre] «Våre små søsken»
Etter at Wenche Foss i 1953 fekk ein gut med Down syndrom, har ho gjort ein stor innsats for å åpne folk sine auge for utviklingshemma sine kår.
Ho har også vore åpen om forhold ved sin eiga helse, slik som at ho i 1971 overlevde brystkreft.
[endre] Trivia
- Foss fortel sjølv at ho frå artium fekk «6» i alle fag med unntak av orden, kor ho fekk «selsomt».
- Foss er gudmor til ei anna norsk skodespelerinne, Mari Maurstad.
- Foss har i fleire samanhengar gått ut i media og tala homofiles sak, og har mellom anna difor ei høg stjerne hos mange homofile.
- Foss sin son, Fabian Stang, er Høgre sin ordførarkandidat i Oslo i 2007.
[endre] Filmografi
- 1940 - Tørres Snørtevold
- 1942 - En herre med bart
- 1942 - Jeg drepte-!
- 1942 - Den farlige leken
- 1945 - Rikard Nordraak
- 1946 - Et spøkelse forelsker seg
- 1948 - Trollfossen
- 1951 - Kranes konditori
- 1952 - Det kunne vært deg
- 1953 - Ung frue forsvunnet
- 1959 - Støv på hjernen
- 1959 - Herren og hans tjenere
- 1963 - Om Tilla
- 1974 - Bør Børson Jr.
- 1975 - Flåklypa Grand Prix (stemmen til Enkefru Stengenfhøn-Glad)
- 1980 - Liv og død
- 1982 - Leve sitt liv
- 1991 - Skjønnheten og udyret
- 1993 - Gull og Grønne Skoger - kortfilm, hovedrolle
- 1998 - Solan, Ludvig og Gurin med reverompa (stemmen til Enkefru Stengenfhøn-Glad)
- 2001 - Rosmersholm
- 2002 - Musikk for bryllup og begravelser
- 2002 - Jeg er Dina
- 2006 - En udødelig mann
- Sjå fullstendig oversyn på Imdb: Wenche Foss
[endre] Biografiar
- 1943. Reidar Lunde. Wenche Foss (i serien 12 små filmbiografier)
- 1970. Ebba Haslund. Aldri en grå hverdag
- 1984. Sverre Inge Apenes. Livets gave
- 1988. Hilsen Wenche! brev gjennom året (av Wenche Foss i samarbeid med Peter Brandt)
- 1992. Mona Levin. Wenche Foss : på livets scene
- 1999. Etterpå (av Wenche Foss i samarbeid med Sturle S. Nærø)
- 2002. Jan E. Hansen (red.) Kjære Wenche!
- 2004. Petter Mejlænder Nærkontakt : Wenche Foss & Arne Næss