While You Were Sleeping
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
While You Were Sleeping, kalla Mens du sov på norsk, er ein amerikansk romantisk komediefilm frå 1995. Filmen er regissert av John Turtletaub, og rollene vert spelte av mellom andre Sandra Bullock, Bill Pullman, Peter Gallagher, Peter Boyle, Jack Warden, Glynis Johns, Micole Mercurio, Jason Bernard, Michael Rispoli, Monica Keena og Ally Walker. Daniel G. Sullivan og Frederic Lebow har skrive manuset.
[endre] Handling
Bullock spiller «Lucy», ein medarbeidar på undergrunnen i Chicago som reddar ein mann frå t-bane-sporet då han vert rana og fell medvitslaus om. Fordi han er veldig kjekk får ho ein sjukepleiar på sjukehuset til å tru at ho er trulova med han, og dermed vert familien hans fortalt dette. «Lucy» er i byrjinga så opphengt i panikken alle har at ho ikkje kan fortelje sanninga. Seinare, når har vorte så godt teken imot av denne familien, kan ho ikke få seg sjølv til å fortelje hva som verkeleg hende. I mellomtida vert ho forelska i bor til den sovande mannen.
[endre] På verdsveven
- While You Were Sleeping på The Internet Movie Database (IMDb)