Maldiskusjon:Wikipedia Hovudside Etter emne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Verda
Under "Verda" har me ei liste som inneheld desse områda: Noreg - Danmark - Sverige - Skandinavia - Norden - Tyskland - Europa - Midtausten - Afrika - Asia - Nord-Amerika - Sør-Amerika - Oseania - Antarktis - Reise - Folkeslag - Urfolk
Eg er ikkje heilt nøgd med henne, synest ikkje ho er heilt logisk. Først har me naboland og nordområde, så Tyskland (kvifor akkurat dette landet?), så verdsdelane med Midtausten og Nord- og Sør-Amerika blanda inn. Eg synest med bør ta ut Tyskland og Midtausten og erstatta Nord/Sør med heile Amerika. Er andre einige eller ueinige? -- Ranveig 29. nov 2004 kl. 22:22 (UTC)
- Eg omsette denne sida fort og gale frå no:, utan å sjå etter slike ulogiskskapar, noko eg vel burde gjort. Er for å endra etter Ranveig sitt framlegg. Jarle 1. des 2004 kl. 00:12 (UTC)
-
- Eg rekna med det var slik det var, men ville vera sikker på at du ikkje hadde lagd ned mykje tankearbeid i utforminga før eg endra på ting! Ranveig 1. des 2004 kl. 18:52 (UTC)
- Stort sett einig med Ranveig og Jarle. Trur i tillegg det kan hjelpe noko til å fortsetje å halde ting på eit sakleg nivå her på nn: å taka bort Midtausten-lenkja... :) Når det gjeld samanslåing av Nord- og Sør-Amerika er eg litt i tvil om kva eg ser som rettast. På den eine sida er dette mykje lettare å definere geografisk som to verdsdelar enn t.d. Europa og Asia... På den andre sida trur folk lett at t.d. Guatemala — eller til og med Mexico (!) — hører til Sør-Amerika heller enn Nord-Amerika, noko som kan vera eit argument for å slå desse to saman... Eg lurer forresten òg på om ikkje Australia burde vera med som eigen verdsdel — det er lite intuitivt å leite etter Perth under Asia eller Oseania... :) -- Olve 1. des 2004 kl. 03:00 (UTC)
- Eg er noko usikker på Australia, av di nye skulebøker reknar det som ein del av Oseania — det greiaste er vel å ha med båe to. Jarle 1. des 2004 kl. 09:04 (UTC)
-
-
- Fint, me er heilt einige! Då skunder eg meg å forandra det før nokon endrar meining... Ranveig 1. des 2004 kl. 18:52 (UTC)
-