Wikimedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wikimedia Foundation Inc. er paraplyorganisasjonen til fleire wikiprosjekt: Wikipedia, Wiktionary, Wikiquote, Wikibooks, Wikisource, In Memoriam 9/11, Wikimedia Commons, Wikispecies, Wikinews og den tidlegare Nupedia. Wikimedia er ein frivillig organisasjon som er danna etter Floridas lovar. Han blei formelt annonsert den 20. juni 2003 av Jimmy Wales, ein av skaparane til Wikipedia [1].
Målet til stiftinga er å utvikla og vedlikehalda wikibaserte prosjekt med ope innhald og å gjera desse gratis for brukarar. I tillegg til Wikipediaprosjekt på fleire ulike språk styrer organisasjonen òg med ei fleirspråkleg ordbok, Wiktionary, ei sitatordbok, Wikiquote, ei samling kjeldetekstar på fleire språk, Wikisource, og frie elektroniske bøker særs egna for studentar, Wikibooks.
Wikimediaprosjekta er hovudsakleg avhengige av doneringar frå brukarar. Stiftinga ønsjer òg å finna andre finansieringsmåtar, som statsstøtte eller sponsormiddel.
[endre] På verdsveven
- http://wikimediafoundation.org/
- Prosjektside for Wikimedia
- Logoar til Wikimediaprosjekt.
- Lovane til Wikimedia Foundation (PDF-fil)
- Tillatelse til å starta Wikimedia Foundation Inc. frå delstaten Florida (TIFF-fil)