Åsynje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åsynjene var det dei kvinnelege æsene blei kalla i norrøn gudetru. Dei var anten gift med eller døtre av æsar, ofte begge delar.
I følge Snorre bygde åsynjene eit hov kring Frigg, den fremste av dei. Åsynjene han reknar opp er Saga, Eir, Gefjon, Fulla, Frøya, Sjøfn, Lofn, Var, Vør, Syn, Lin, Snotra, Gnå, Sol, Bil, Jord og Rind.