Æser
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Æsene, eintal ås (norrønt æsir) var gudeslekta dei fleste av dei norrøne gudane høyrde til. Åsgard fekk namn etter dei. Gudinnene blant æsene blei kalla åsynjer. Dyrking av æsene kallar me åsatru.
Odin var konge over æsene, men Tor var truleg den som var mest dyrka av folket. Det finst mange spanande og morosame forteljingar om Tor, medan Odin gjerne blir skildra i dikt som ein forkledd vandringsmann som sit på eller søker kunnskap.
Æsene måtte slost med vanene, som var ei anna gruppe gudar. Dette kan minna om kampen til dei olympiske gudane mot titanane i gresk mytologi. Dei to gudetradisjonane har òg mange andre likskapar.