Ørsta/Volda lufthamn, Hovden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørsta/Volda lufthamn, Hovden er ei lufthamn som vert eigd og driven av Avinor AS. Lufthamna ligg midt mellom bygdebyane Ørsta og Volda i Møre og Romsdal fylke. Flyplassen vart opna den 1. juli 1971 i samband med utbygginga av det norske kortbanenettet. Flyplassen er på 866 x 30 m med asfaltdekke. Flyselskapet Widerøes Flyveselskap driv ruteflyging til lufthamna. Det går rutefly til Bergen lufthamn, Flesland og Oslo lufthamn, Gardermoen. Volda Ørsta flyklubb har Hovden som base.