Abelkonkurransen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abelkonkurransen er ein årleg matematikkonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen, oppretta til minne om Niels Henrik Abel.
Konkurransen består av tre rundar: I første runde får ein tjue fleirvalsoppgåver som skal svarast på i løpet av 100 minutt, i andre runde får ein ti oppgåver med heiltalssvar som skal løyast i løpet av 100 minutt, og i finalen får ein 4 timer på seg til å gje fullstendige løysningar på fire vanskelegare oppgåver. Medan første runde vert heldt i november, vert finalen heldt i midten av mars kvart skuleår.
Dei tre beste i Abelfinalen kvalifiserer seg direkte til den internasjonale matematikkolympiaden (IMO), medan dei tre siste deltakarane vert tekne ut etter ein nordisk matematikkonkurranase i starten av april. I tillegg vert eit lag på fem personar tekne ut til Baltic Way, ein lagkonkurranse seinare på året.
[endre] Vinnarar
- 1980: Kaare Danielsen, Holte Gymnasium, Danmark (PhD i computer science) og Gunnar Fløystad, Åsane Gymnas, Noreg (professor i matematikk, UiB)
- 1981: John Rognes, Tåsen skole (professor i matematikk, UiO)
- 1982: Øystein Setekleiv, Christian August vgs
- 1983: John Rognes, Berg vgs
- 1984: John Rognes, Berg vgs
- 1985: Hallvard Furuseth, Valler vgs
- 1986: Stig Hemmer, Strinda vgs (sivilingeniør)
- 1987: Anders Høyer Berg, Nadderud vgs (doktorgrad i matematikk)
- 1988: Arne H. Juul, Tranberg vgs (sivilingeniør i fysikk og industriell matematikk)
- 1989: Arne Aas, Trondheim katedralskole
- 1990: Oddvar Kloster, Fana gymnas (M.Sc., Sintef)
- 1991: Morten Kloster, Fana gymnas (PhD i fysikk)
- 1992: Jan Kristian Haugland, Vennesla vgs (PhD i matematikk frå Oxford)
- 1993: Ron Dror, Frydenberg vgs (PhD i computer science)
- 1994: Håvard Larsen, Firda vgs
- 1995: Håvard Larsen, Firda vgs
- 1996: Vigleik Angeltveit, Porsgrunn vgs (PhD i matematikk frå MIT)
- 1997: Magnus Dehli Vigeland, Berg vgs (PhD-stipendiat i matematikk ved UiO)
- 1998: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
- 1999: Øyvind Grotmol, Berg vgs
- 2000: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
- 2001: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
- 2002: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
- 2003: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
- 2004: Paul Kjetel Soldal Lillemoen, Øystese Gymnas
- 2005: Jørgen Vold Rennemo, Hammartun skole og Nina Holden, Bergs vgs
- 2006: Jørgen Vold Rennemo, Lillehammer vgs
- 2007: Jørgen Vold Rennemo, Lillehammer vgs