Adolphe Sax
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antoine Joseph Adolphe Sax (fødd 6. november 1814, død 4. februar 1894) var ein belgisk instrumentmakar, mest kjend for oppfinninga av saksofonen.
Sax vart fødd i Dinant i Belgia. Far hans, Charles Joseph Sax, var òg instrumentmakar. Adolphe byrja å lage sine eigne instrument i veldig ung alder.
Etter at han vart ferdig på skulen byrja Sax å eksperimentere med nye instrument. Den første opprinninga var ei forbetring av bassklarinetten.
I 1841 flytta han til Paris og byrja å jobbe på nye instrument. Desse instrumenta var klare for visning i 1844. Sjølv om han ikkje stod som oppfinnar av instrumenta var dei så gode at dei gjekk under namnet saxhorn.
På denne tida jobba han med det instrumentet som han er best kjend for, saksofonen. Komponisten Hector Berlioz gav positiv omtale om det nye instrumentet i 1842, men det vart ikkje patentert før i 1846. Det var desse instrumenta som gjorde han kjend og sikra han ein lærarjobb ved Paris Conservatoire.
Han døydde i 1894 i Paris og vart gravlagd på Cimetière de Montmartre.
- Adolphe Sax, Malou Haine, Editions Université Bruxelles, Bruxelles, 1980
- Sax, Mule & Co, Jean-Pierre Thiollet, H & D, Paris, 2004 (ISBN 2 914 266 03 0)