Adventskrans
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adventskransen er ein lysestake med plass til fire stearinlys som ein gradvis tenner i løpet av dei fire sundagane i advent. Skikken tok til i Tyskland på 1800-talet, og kan minna om den jødiske bruken av hanukkijá.
Lysestaken kan ha mange ulike utformingar, han kan vera av metall, steintøy eller tradisjonelt tre som er pynta med band og bar frå tre.
[endre] Bruk
Ein tenner det første lyset på første sundagen i advent og det første og andre på den andre sundagen, slik at alle lysa er tende på den fjerde sundagen. Det er vanleg å framføra ein song eller eit dikt i samband med tenninga, ofte første verset saman med det første lyset, andre med det andre, og så bortetter.
Det er vanleg å ha lillafarga lys i staken under advent og raude eller kvite lys til jul.
[endre] Historie
Adventslystenninga blei byrja av presten og indremisjonsgrunnleggjaren Johann Hinrich Wichern i 1839 eller 1848, på ein barneheim han leia i Hamburg. Denne kransen hadde heile 28 lys, 24 små raude og 4 store kvite. Kvar dag tende ein unge eit nytt lys i samband med gudstenestane til presten. Lyskransen skal ha vore pynta med greiner frå bartre.
![]() |
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |