Almenning i Vågsøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Almenning er ei bygd i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Ho ligg på nordsida av innlaupet av Nordfjorden. Bygda ligg langs Riksveg 15 mot Måløy. Frå Almenningsfjellet kan ein ta av til Selje kommune.
Bygda er eigen poststad med nummer 6713. I bygda er det eit byggevarefirma som mellom anna produserar vindauger og dører. Den kommunale skulen vart lagd ned i 2002. Bygdefolket fekk ta over bygnaden og har starta privat Montessoriskule.
Almenning er óg eit etternamn med om lag 201 brukarar.