Alvøy i Fjell kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alvøy eller Alvøyna er namn på ei øy i Raunefjorden i Fjell kommune i Hordaland fylke. Øya ligg nokre hundre meter sør for Bjorøy og aust om Tyssøy i Fjell kommune, og halvannan kilometer vest for Bergen lufthamn, Flesland.
Alvøy er namn òg på ei øy i Øygarden kommune i Hordaland fylke. Desse to øyane ligg berre få mil frå kvarandre og frå Bergen sentrum. Det har forekomme skjebnesvangre forvekslingar i det redningsmannskap har drege til feil Alvøy på søk etter skipbrotne.