Anders Bardal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Bardal (f. 28. august 1982) er ein norsk skihoppar som representerer Steinkjer Skiklubb. Han debuterte i verdscupen i 2001, og deltok i OL i Salt Lake City i 2002. Det beste enkeltresultatet hans i verdscupen er ein fjerdeplass i Titisee-Neustadt i 2003. Han tok dobbelt NM-gull i 2002. Han var òg vinnar av COC samanlagt i 2006. Bardal har sølv i junior-VM laghopp.
[endre] Meritt
OL
- 9. plass i laghopping stor bakke frå Vinter-OL 2002.
VM i skiflyging
- 15. plass individuell skiflyging frå VM i skiflyging Harrachov 2002.
FIS Verdscup
- 4. plass i stor bakke frå Titisee-Neustadt i desember 2003.
Kontinentalcup
- 13 sigrar
- 3 andreplassar
- 11 tredjeplassar
Grand Prix
- 2. plass frå Oberhof i oktober 2006.
- 3. plass frå Zakopane i august 2006.