Arild Sundgot
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arild Sundgot (fødd 17. april 1978) er ein norsk fotballspelar. Sundgot er ein angrepsspelar. Fotballkarriera starta i byen der han vaks opp, Ulsteinvik, for IL Hødd. Sundgot sitt første møte med Eliteserien kom med nettopp Hødd, i deira opprykk til 1995-sesongen. Her vart det 2 mål på 10 kampar for sunnmøringen.
I 1997-sesongen ikledde Sundgot seg ei ny drakt, nemleg for Lillestrøm SK. Dette er også Sundgot sin noverande klubb, sjølv om overgongsspekulasjonane var store etter endt 2005-sesong. Spelaren vil for alltid vere ein viktig del av Lillestrøm si historie, då Sundgot er den mestskårande spelaren i klubben nokon gong. På ni sesongar har han laga 65 mål på 193 kampar i Eliteserien. Totalt har han laga 84 mål på 221 kampar. Han har med dette slått rekorden til Lillestrøm-legenda Tom Lund, som hadde 64 mål på 149 kampar.
Son til tidlegare Høddspelar Otto Sundgot.
Arild Sundgot sine sesongar i Eliteserien for Lillestrøm:
Sesong | Kampar | Mål |
---|---|---|
1997 | 12 | 0 |
1998 | 25 | 3 |
1999 | 21 | 7 |
2000 | 22 | 8 |
2001 | 16 | 9 |
2002 | 22 | 5 |
2003 | 19 | 8 |
2004 | 21 | 14 |
2005 | 25 | 11 |
[endre] Kjelder
Lillestrøm – spelarstallen 2007 |
---|
Målmenn |
---|
![]() |
![]() |
Forsvarsspelarar |
---|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Midtbanespelarar |
---|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Angrepsspelarar |
---|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |