Arnaldur Indriðason
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnaldur Indriðason (f. 28. januar 1961) i Reykjavík) er ein islandsk forfattar.
I åra 1981–82 var Indriðason journalist i Morgunblaðið. Etter dette arbeidde han som frilans-skribent. I 1996 tok han B.A. i historie ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island).
Arnaldur Indriðason debuterte med kriminalromanen Synir duftsins i 1997. I fleire år på 2000-talet har han vore den mest populære forfattaren på Island, og han har toppa bestselgjarlistene år etter år. I 2004 var sju av de ti mest utlånte bøkene ved Reykjavík bibliotek skrivne av han. Bøkene til Arnaldur Indriðason er utgjevne i meir enn tjue land, og han har motteke ei rekkje prisar. I 2005 vann han den prestisjefulle Gold Dagger Award frå britiske Crime Writers' Association.
Innhaldsliste |
[endre] Utgjevingar
- Synir duftsins (1997)
- Dauðarósir (1998)
- Napóleonsskjölin (1999)
- Mýrin (2000)
- Leyndardómar Reykjavíkur 2000 (2000) (kollektivroman, eit kapitel)
- Grafarþögn (2001)
- Röddin (2002)
- Bettý (2003)
- Kleifarvatn (2004)
- Vetrarborgin (2005)
[endre] Omsetjingar til norsk
Norsk titel | Utgjeven | Orginaltitel | Utgjeven |
Myren | 2004 | Mýrin | 2000 |
Gravstille | 2005 | Grafarþögn | 2001 |
Røsten | 2006 | Röddin | 2002 |
[endre] Prisar og utmerkingar
- Glassnøkkelen 2002, for Mýrin
- Glassnøkkelen 2003, for Grafarþögn
- The Martin Beck Award 2005, for Røsten (Röddin)
- The Gold Dagger 2005, for Silence of the Grave (Grafarþögn)