Atommasseeining
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atommasseeininga u er definert slik at 12u er massen til C-12, den vanlegaste karbonisotopen. 1u er om lag lik massen til eit proton eller eit nøytron, og kan ved SI-systemet skrivast som 1.66053886 × 10−27 kg. Det kan også skrivast som 1 / NA gram, der NA er Avogadros tal.