August Spies
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
August Vincent Theodor Spies (fødd 10. desember 1855 i Landecker Amt, Hessen; død 11. November 1887 i Chicago, Cook County, Illinois, USA,) var sjefs-redaktør og utgivar av den sosialistiske avisa Arbeiter-Zeitung og talsperson for den amerikanske arbeidarrørsla i Chicago.
Spies emigrerte i 1871 til Chicago. I 1876 byrja han å interessere seg for arbeidarrørsla, og i 1877 vart han medlem i det sosialistiske arbeidarpartiet i Nord-Amerika. I 1880 vart han så utgivar og forretningsførar for avisa Arbeiter-Zeitung på staden, og var frå 1884 til 1886 òg sjefsredaktør der. Han vart talsperson for den radikale fløya i arbeidarrørsla.
I november 1887 vart han avretta ved eit justismord etter å ha vorte dømd for eit bombe-åtak mot politiet under Haymarket Riot 4. mai 1886. Dette skjedde da politiet gjekk til åtak på streikande og demonstrerande arbeidarar som slåst for 8 timarsdagen. Tre andre vart òg urettmessig hengde for dette, mens éin gjorde sjølvmord i fengselet, og atter tre vart sleppte fri i 1893, da guvernøren annullerte dommen mot dei.
[endre] Kjelde
Den tyskspråklege wikipediaen, art. med same namnet.
[endre] Litteratur
- Dyer D. Lum: August Spies, in: Twentieth Century, 3. September 1891
- Heinrich Nuhn: August Spies. Ein hessischer Sozialrevolutionär, Verlag Jenior & Pressler, Kassel 1992, ISBN 3-928172-11-5