Avisa Sør-Trøndelag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avisa Sør-Trøndelag eller distriktsavisa Sør-Trøndelag er ei lokalavis som blir gjeven ut på Orkanger. Ho har òg eit kontor i Hemne. I daglegtale blir avisa oftast kalla Søra eller Sør-trønder’n.
Avisa vart grunnlagt i 1908 under namnet Søndre Trondhjems Amtstidende. Ho er i dag eigd av Adressa-konsernet.
Dekningsområdet til Avisa Sør-Trøndelag er kommunane Orkdal, Hemne, Skaun, Meldal, Snillfjord og Agdenes i den sørvestlege delen av Sør-Trøndelag, samt Rindal på Nordmøre.
Ansvarleg redaktør er Anders Aasegg Morken og dagleg leiar er Johan Olav Wiggen (2006).
Stadfest nettoopplag er 7 083 (2004). Avisa kjem ut fem dagar i veka; frå tysdag til laurdag.