Bhumibol Adulyadej av Thailand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Thailand | 9. juni 1946- |
Føregjengar | Rama VIII av Thailand |
Etterfylgjar | — |
Fødd | 5. desember 1927 i Cambridge i Massachusetts i USA |
Død | |
Gift med | Sirikrit |
Barn | |
Gravlagd | |
' |
Bhumibol Adulyadej (f. 5. desember 1927) med kongetittelen Rama IX er konge av Thailand. Han overtok trona då broren døydde i 1946, og vart formelt krona i 1950. Han er gift med dronning Sirikit (fødd 1932). Tronfylgjar er sonen Maha Vajiralongkorn. Han er den kongen i Thailand som har site lengst på trona.
[endre] Nasjonalt symbol, men med politisk makt
Formelt har kongen lite makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar for buddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer nærast dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette. Kritikk av kongefamilien er uhøyrt. Sjølv om landet er eit konstitusjonelt monarki, har kongen gripe inn i politikken ved ulike høve. I 1992 brukte kongen innflytinga si til å stoppa samanstøyt mellom hæren og demonstrantar. I regjeringstida hans har det vore fleire militærkupp. Kuppmakarar har lagt vekt på å æra kongen. Den 19. september 2006 avsette militære statsminister Thaksin Shinawatra, og utnemnde kongen til statsoverhovud. I ei uttale la dei vekt på å "sikra fred og æra kongen, som vert sett på som den mest høgvyrda av alle thaiar".
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |