Billund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billund er ein bykommune i Ribe amt, sørvest på Jylland. Han hadde 8.692 innbyggjarar i 2003, rundt 6.500 av dei budde i sjølve byen. Namnet Billund tyder bielunden.
Byen er vaksen opp rundt LEGO-verksemda, som har hovudkontor og fabrikk her, og fornøyelsesparken Legoland. Han har ord på seg for å vera ein vakker og velstelt by, med mange skulpturar og velstelte gater.
Nær byen ligg Billund lufthavn, som er den nest største flyplassen i Danmark.