Bowenforholdet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bowenforholdet er forholdet mellom merkande varme og latent varme frå eit medium til eit anna. Matematisk kan forholdet skildrast:
,
der Qh er merkande varme og Qe er latent varme. Harald Sverdrup kalla forholdet opp etter Ira Sprague Bowen (1898–1973), ein astrofysikar som først brukte forholdet i arbeidet sitt med fordamping av vatn, og det blir mest brukt innan meteorologi og hydrologi. I denne samanhengen er storleiken B mindre enn ein, altså blir ein større tilgjengeleg energimengd frå overflata overført til atmosfæren som latent varme enn som merkande varme. Når vil derimot B gå mot uendeleg, og bowenforholdet vil då vere ein dårleg variabel å bruke i andre formlar, særleg for tørre overflater. På grunn av dette er fordampingsbrøkdelen (FB), som viser dei forskjellige turbulente energifluksane til og frå overflata, ein betre variabel å bruke i desse tilfella.
Bowenforholdet er relatert til fordampingsbrøkdelen FB gjennom likninga
.
[endre] Referansar
- Bowen, I.S., 1926: The ratio of heat losses by conduction and by evaporation from any water surface. Physics Review, 27, pp 779—787.
- Lewis, J.M., 1995: The Story behind the Bowen Ratio. Bulletin of the American Meteorological Society, 76, pp 2433-2443.