Bregenz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn mot Bregenz frå Pfänder. | |
Lokalisering | |
---|---|
Lokasjon av Bregenz | |
Styresmakter | |
Land Delstat |
Austerrike Vorarlberg |
Geografi | |
Flatevidd - By |
29,51 km² |
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
26 752 907/km² |
Koordinatar | 47°30′″N, 9°44′″E |
Høgd over havet | 400 m |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 6900 |
Telefon-retningsnummer | 05574 |
Bilnummer | B |
Heimeside: http://www.bregenz.at |
Bregenz er hovudstaden i Vorarlberg, den vestlegaste delstaten i Austerrike. Byen ligg ved breidda av Bodensjøen, den tredje største innsjøen i Sentral-Europa.
Byen ligg på den austlege sida av Bodensjøen, på eit platå ved foten av fjellet Pfänder. Byen er eit knutepunkt mellom hovudvegane frå Rhindalen til dei tyske alpine lavberga ved foten av Alpane. Frå her går det òg ferjer på Bodensjøen.
Bregenz er kjend for ein musikkfestival som vert heldt kvar sommar kalla Bregenzer Festspiele.
På 400-talet fvt. reiste keltarane festningen Brigantion her. Romarane erobra byen i år 15, og han vart den romerske handelsstaden Brigantium. Byen vart ruinert i år 260 av alemannarane, eit germansk folk som busette seg i området rundt år 450. Byen høyrde til fleire familiedynasti før han vart seld til Habsburg i 1523. Frå 1805 til 1814 var byen ein del av Bayern, før han kom inn under austerriksk styre.
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bregenz frå Engelsk Wikipedia.