Briksdalsbreen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Briksdalsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen. Briksdalsbreen ligg på nordsida av Jostedalsbreen, i Briksdalen, inst i Oldedalen i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Briksdalsbreen ender i det vesle Briksdalsbrevatnet (346 moh.). Brefronten har trekt seg betydeleg tilbake dei seinaste åra. I 1996–97 låg brefronten ved utløpet av Briksdalsbrevatnet. I 2004 låg brefronten 230 meter bak utløpet av Briksdalsbrevatnet.