Burgas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Styresmakter | |
---|---|
Land Provins |
Bulgaria Burgas |
Geografi | |
Flatevidd - By |
km² |
Innbyggjarar - By (2006) |
205 821 |
Koordinatar | 42°30′″N, 27°28′″E |
Høgd over havet | 30 m |
Tidssone | EET (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 8000 |
Telefon-retningsnummer | 056 |
Burgas (og stundom skrive Bourgas; bulgarsk Бургас) er den fjerde største byen i Bulgaria, og den nest største byen på kysten av Svartehavet etter Varna. Han er hovudstad i provinsen Burgas, og eit senter for industri og turisme.
Byen er omringa av Burgassjøane, og er det vestlegaste punktet i Svartehavet i den store Burgasbukta. Burgas har den største og viktigaste hamna i Bulgaria. I dag er byen eit viktig økonomisk og kulturelt senter i søraustlege delar av Bulgaria, der Burgas flyplass tener feriestadane langs den sørlege bulgarske kysten.