Buys-Ballot si lov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buys-Ballot si lov er i meteorologi eit lov som seier:
- «Viss ein på den nordlege havkula står med vinden i ryggen, så har ein eit lågtrykk til venstre for seg.»
Med andre ord så strøymer lufta mot klokka rundt eit lågtrykk på den nordlege halvkula. Dette er tilnærma rett på høgare breiddegrader på den nordlege halvkula, og motsett på den sørlege halvkula, men vinkelen mellom isobarane og vinden er ikkje i ein rett vinkel på låge breiddegrader. Sjå Corioliskrafta - Straum rundt eit lågtrykk
Denne regelen som først vart oppdaga av den amerikanske meteorologane J.H. Coffin og William Ferrel kjem av Ferrels lov. C.H.D. Buys-Ballot, ein nederlandsk meteorolog, som publiserte lova i Competus Rendus i november 1857, har derimot gjeve navn til lova, og medan William Ferrel var den første som kom med teorien bak dette, var Buys-Ballot den første til å stadfeste lova empirisk.
[endre] Kjelder
- M. Buys-Ballot, "Note sur le rapport de l'intensite et de la direction du vent avec les ecarts simultanes du barometre", Comptes Rendus, Vol. 45 (1857), pp. 765–768.