Wikipedia-diskusjon:Bydelar i Oslo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etter bydelsreforma i Oslo fikk me ei administrativ eining kalla bydel. Bydel hadde òg tydinga geografisk avgrensa del av by før bydelsreformen, sjølv om ein nok ofte har diskutert kor grensene eigentleg går/gjekk. Slik har ein den tradisjonelle bydelen Grünerløkka som er eit mykje mindre område enn Bydel Grünerløkka som administrativ eining. Tilsvarande har me ein haug med park rundt, kalla St. Hanshaugen (og eit bustadsområde rundt, nærast ein tradisjonell bydel) og Bydel St. Hanshaugen. Har folk motførestillingar mot å dele strøk/bydel og administrativ eining slik eg har gjort her? --Ekko 20:57, 16 januar 2007 (CET)
- Eg synes det er fornuftig. Bydelane er så innarbeida at kategorien kan kallast Bydelar i Oslo, "administrativ" trengst ikkje. På Oslomål (i både aust og vest) heiter den mindre eininga som er grodd fram historisk 'strøk', og eg synes kategorien skal heite Strøk i Oslo. Etterkvart som talet på artiklar som stadfesta fenomen knytt til ein bydel stig kan det lagast kategori for bydelen. Strøk vil sjeldan ha så mange artiklar knytt til seg at det er naudsynt med kategori, trur eg. Fyste jobb kan vere å lage alle artiklane "Bydel x" og klippe kart inn frå eksisterande "x", eller der dei ikkje finst frå bokmål. Så langt eg kan sjå finst sju artiklar om strøk. Helge Høifødt 21:37, 16 januar 2007 (CET)
- Det var ikkje nett det eg meinte. Eg vil helst at det opphavelege Grünerløkka blir kalla bydelen Grünerløkka, mens den administrative eininga blir kalla Bydel Grünerløkka. Ellers så har byrådet i Oslo fjerna den opphaveleg meininga av bydel frå det norske språket. --Ekko 20:36, 17 januar 2007 (CET)
- Det hadde vel vore greiast å nytte same prinsippet når det gjeld bydelar som når det gjeld kommunar. Også her kan den administrative eininga med eitt kommunenamn omfatte eit anna område enn det namnet tradisjonelt har dekt. Rana var namnet på ein fjord, ei elv og landområdet rundt fjorden og elva, og dekte område i delar av noverande Rana, Hemnes og Vefsn kommunar. Tilsvarande for Vefsn, og slik er det sikkart mange andre stader. Difor burde vi ha skrive Rana kommune når vi meiner kommunens areal. Men når vi har valt ei anna løysing for kommuner (og fylke), er det kanskje best å vurdere dette prinsippet for bydelane òg?Knut 07:24, 23 januar 2007 (CET)
- Det var ikkje nett det eg meinte. Eg vil helst at det opphavelege Grünerløkka blir kalla bydelen Grünerløkka, mens den administrative eininga blir kalla Bydel Grünerløkka. Ellers så har byrådet i Oslo fjerna den opphaveleg meininga av bydel frå det norske språket. --Ekko 20:36, 17 januar 2007 (CET)
-
-
-
- Eg duppa visst av den timen der. Kva for prinsipp nyttar me når det gjeld kommunar? At me gjer det mest mogeleg likt er eg (truleg) for. --Ekko 08:43, 23 januar 2007 (CET)
-
-