Colombo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colombo er ein by på Sri Lanka. Byen er sete for regjeringa, og slik ein av to hovudstader i landet. Den lovgjevande forsamlinga sit i Sri Jayewardanapura Kotte. Byen er òg den største på øya og sentrum for handelen i landet. Namnet var tidlegare singalesisk «Kola-amba-thota», som tyder «Mangohamna». Namnet vart endra av portugisarane til ære for Christofer Columbus, med omsyn til uttale av det singalesiske namnet (Kola-amba). Det er kring 646 000 innbyggjarar i sjølve byen (2004 og 2 234 289 (2001) i tettstaden.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |