Cowboy-Laila
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laila Preikschas Nygjerdet (f. 12. februar 1943), betre kjend som Cowboy-Laila, er ein norsk country-artist. Ho vart fødd i Bergen, men vaks opp på Ådalsbruk i Løten kommune. Cowboy-Laila platedebuterte i 1980 med Gi en liten blomst og ho skriv både tekst og melodi til songane sine sjølv.
I 1993 vart biografien Cowboy-Laila: Med døra på gløtt, skriven av Torbjørn Bakken, gjeven ut.
[endre] Utgjevingar
År | Tittel | Format | Utgjevar |
---|---|---|---|
1980 | Gi en liten blomst | LP/MC | EMI |
1988 | Purple Heart | CD/LP/MC | Totenschlager |
1990 | Veien hjem | CD/LP/MC | Totenschlager |
2005 | Sigøyner Cowboy | CD | Marco |
[endre] Bakgrunnstoff
- Artikkelen «Cowboy-Laila» i MICLEX/Norsk pop- og rockleksikon.