Cyanose
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cyanose (av gresk kyanos, 'blå') er ei blåfarging av lepper, hud, slimhinner eller negler. Blåfargen skuldast deoksygenert hemoglobin i blodkar nær kroppsoverflata. Ein skil mellom sentral og perifer cyanose.
[endre] Sentral cyanose
Sentral cyanose er lettest å sjå på (innsida av) leppene, og skuldest oksygenmangel i blodet. Han skuldast anten dårleg oksygenering av blodet i lungene (som ved lungesjukdom eller kveling), at blod går ut i systemkretsløpet utan å ha vært innom lungene (som ved medfødde hjartefeil) eller fordi langsom blodsirkulasjon gjev auka uttrekk av oksygen.
[endre] Perifer cyanose
Perifer cyanose (tydeleg under neglene) skuldest dårleg blodsirkulasjon, til dømes orsaka av kalde hender. Perifer cyanose er normalt hos spedborn, og blir då kalla akrocyanose.
[endre] Kjelder
- «Cyanosis» på Engelsk Wikipedia
- Øyri, A: Norsk medisinsk ordbok