Dønnes kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dønnes kyrkje er ei steinkyrkje på Dønnes i Dønna sokn, innvigd like før 1200. Ho vart ombygd i 1866 og delvis restaurert på 1970-talet.
Dønnes kyrkje har eit gravkapell med 22 balsamerte lik. Dette var godseigarfamilien Coldevin sin familiegravstad fram til midten av 1800-talet.
Dønnes kyrkje er ei av fleire kyrkjer i Dønna. Det er gudsteneste i denne kyrkja om lag annankvar søndag. I ei uhøgtidleg NRK-konkurranse vart ho desember 2006 kåra til den vakraste kyrkja i Nord-Noreg.