Dag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dag er kanskje den mest grunnleggjande tidseininga for menneska. Dagen er tida me er våkne og gjer mest arbeid. Motstykket til dag er natt.
Innhaldsliste |
[endre] Kva tid byrjer og slutter ein dag?
I eintal på norsk bruker ein som regel ordet om tida med dagslys som kjem mellom soloppgangen om morgonen og solnedgangen om kvelden. Er det tale om fleire dagar viser ein som regel til døger. I vår tid rekner me med at dagen tek til ved midnatt. Tidlegare var det vanleg å seia at han byrja i grålysinga om morgonen, medan andre tradisjonar, som den jødiske, rekner med at neste dag byrjer ved solnedgangen til dagen føre.
|
[endre] Å telja dagar
Dei fleste kalendrar i bruk i dag deler dagar inn i grupper på sju, som saman utgjer ei veke. Dagane har namn som kjem opp att kvar sjuande dag. I tillegg finst det spesielle dagar som kjem igjen på ei viss tid ein gong i året, til dømes fødseldagar og høgtidsdagar.
- Sjå òg Kategori:Dagar.
[endre] Dag som person
I norrøn gudetru var Dagr namnet på ein gud som var personleggjeringa av dagen. Han var son til jotunkvinna Natt og Delling, guden for morgongryet. På same måte som gudinna Sol og guden Måne fòr han og Natt over himmelen kvart døger. Dag rei på hesten Skinfakse.
Dag er òg blitt eit vanleg norsk mannsnamn. Kjende namneberarar er Dag Hammarskjöld og Dag Solstad.
[endre] Lenkjer ut
- Søk etter norsk namnestatistikk for Dag hjå Statistisk Sentralbyrå
Måleiningar for tid | |
---|---|
mikrosekund << millisekund << sekund << minutt << kvarter << time << dag << døgn<< veke << månad << kvartal << år << tiår |