Datong
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Datong (eller Tatung) er ein kinesisk storby i provinsen Shanxi i det nordlege Kina. Folkemengda innan bygrensene er berekna til 1.053.000 (2004).
Datong er ein viktig industriby og eit jarnbaneknutepunkt i eit område rikt på kolførekomstar. Byen er sterkt industrialisert.
Tidligare heitte byen Pingchang, og var hovudstad i det nordlege Wei-kongedømet (400- og 500-talet). Kalksteinsgrotter ved det nærliggande Yungang har buddhistisk kunst frå same periode.