Den Nord-Atlantiske Oscillasjonen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den Nord-Atlantiske Oscillasjonen (NAO) er eit klimatisk fenomen i Nord-Atlanteren som består av svingingar i trykkskilnaden mellom lågtrykket ved Island og Azorehøgtrykket. NAO styrar styrken og retninga på vestavinden og stormbana i Nord-Atlanteren, og er knytt opp mot den arktiske oscillasjonen.
NAO vart oppdaga på 1920-talet av Sir Gilbert Walker. På liknande måte som El Niño-fenomenet i Stillehavet, er NAO ein av dei viktigaste klimatiske svingingane i Nord-Atlanteren og kontinenta rundt.
[endre] Skildring
Vestavinden bles på tvers av Atlanterhavet, og fører med seg varm og fuktig luft til Europa. Somme år er vestavinden kraftig, somrane kjølege, og vintrane milde og regnfulle. Om vestavinden ikkje hadde vore til, hadde ein hatt større temperaturskilnadar mellom sommar og vinter i Europa med heitebølgjer om sommare, iskalde vintrar og redusert nedbør. Lågtrykka som kjem inn mot Europa frå vest passerar nesten alltid nær Island, og ein kallar derfor dette lågtrykkssystemet for Islandslågtrykket. Samtidig har ein eit tilnærma permanent høgtrykk over Azorane, som styrer dei vestlege vindane inn over Europa. Trykkskilnaden mellom desse to trykksystema varierar frå år til år, og denne variasjonen vert kalla NAO. Ein stor skilnad mellom dei to systema fører til auka vestavind, og dermed kjølegare somrar, og mildare og våtare vintrar i nordlege delar av Europa, medan Sør-Europa får mildare somrar, og tørrare og kjølegare vintrar. I slike tilfelle har ein ein positiv NAO-indeks, NAO+. Når indeksen er negativ, NAO-, er vestavinden svakare på grunn av mindre trykkskilnad mellom trykksystema. Lågtrykka vil då gå mot sørlege delar av Europa, som får våtare og mildare vintrar, medan Nord-Europa får kjølegare og tørrare vintrar.
NAO påverkar vêret i større grad frå november til april, enn elles av året.