Diatese
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diatese er ein grammatisk kategori ved verbet. Det har to trekk, aktiv og passiv. Skilnaden på eit setningspar der den eine har verbet i aktiv og den andre har verbet i passiv, er at subjektet i den aktive setninga er forsvunne i den passive (eller det dukkar opp i ein preposisjonsfrase). Som regel, men ikkje alltid, vil objektet til det aktive verbet tilsvare subjektet til det passive.