Drammen Glassverk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drammen Glassverk var ei verksemd for framstilling av glas starta i 1873 og nedlagt i 1977. Verket låg på Tangen i Drammen.
[endre] Historie
Drammen Glassverk vart eigd av det som ei gong heitte Interessentskapet Hurdal, Biri og Hadeland Glasværker og som i 1898 vart til AS Christiania Glasmagasin. Produksjonen av vindaugsglas, flasker og anna bruksglas var i 1895 overflytta frå Hurdal Verk til Drammen Glassverk.
Frå 1890-åra var fabrikken den einaste som laga vindaugsglas i Noreg, og i 1928 tok dei til å maskinprodusera dese med eit Fourcaultanlegg.
I 1959 gjekk verket over til elektrisk smelting som eitt av få glasverk i verda.
[endre] Verknad på omgjevnadene
Glassverket førte snart til opprettinga av ein fastskule i nærleiken, og av Glassverket Idrettsforening i 1919.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |