Drammensfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drammensfjorden er ein om lag 30 km lang fjord på Austlandet som har gitt namn til byen Drammen. Han går frå Oslofjordens breie del og nord-nordvestover og dannar vestsida av halvøya Hurumlandet.
10 km inn i fjorden, ved Svelvik, går det ein endemorene kalla Verket ut frå Hurumlandet. Her er fjorden berre 200 meter brei, og mudra opp til 10 meters djup. Innafor er fjorden opp til 117 meter djup.
Fjorden er kjent frå norrøn tid under namnet Drafn, eit ord ein trur tyder "uklart vatn" eller "bølgjer". Elva som renn ut innst i fjorden blei kalla Drofn, det er hokjønnsbøying av same ordet. Mellom anna fortel Snorre Sturlason i soga om Olav den Heilage at kongen gøymde seg for Knut den mektige i ein sjø som heitte Dramn. På denne tida stod vatnet 4-5 meter høgare i fjorden, slik at vikingskipa kunne segla heilt opp til Vestfossen og Hellefoss.
[endre] Kjelder
- Store Norske Leksikon.