Draupner
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Draupner, Draupne eller Draupnir (”dryparen”) var i norrøn mytologi guden Odin sin vene og magiske gullring.
Kvar niande natt ”dryp” åtte nye ringar ned frå Draupner. Alle er like tunge som Draupner sjølv. Slik er Draupner ei kjelde til endelaus rikdom. Draupner vart laga av dvergane Brokk og Sindre. Dei smidde ringen i høve eit veddemål Loke gjorde med dvergane. Om veddemålet vert det fortald i den yngre Edda. Samstunde smidde dei mellom anna hammaren Mjølner.
Då Balder døydde og skulle brennast på bål tok Odin Draupner av seg og la ringen på Balder sitt bryst. Draupner fylgde med Balder til dødsriket Helheim. Då Hermod var i Helheim for å få Hel til å senda attende Balder lukkast han ikkje i det. I staden fekk Hermod med Draupner attende til Odin.