Drevja kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drevja kyrkje er ei kyrkje bygd på Nilsskogen i Drevja sokn i Vefsn kommune. Kyrkja er ei langkyrkje, lafta i tømmer i 1883.
Orgelet i Drevja kyrkje er bygd av P. A. Albrechtsen i 1846, og vart flytta frå Dolstad kyrkje til Drevja i 1920. Orgelet vart restaurert i 2000. Kyrkja har sitjeplass til om lag 200 menneske. Soknet deler sokneprest med Elsfjord sokn.
Til Drevja kyrkje ligg Drevja kyrkjegard. Drevja sokn har også ein kyrkjegard på Almåsen.