Edøy gamle kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edøy gamle kyrkje er ei steinkyrkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune. Eit skriv frå 1695 nemner at kyrkja vart lengd med sju alen. Kyrkja brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887, og alt treverk og interiør anna enn altertavla og nokre få andre gjenstandar gjekk tapt. Altertavla vart øydelagd under bombinga av Kristiansund i 1940. Kyrkja vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Etter krigen vart kyrkja oppattbygd, og ho vart atterinnvigd i 1950. I samband med 900-årsjubiléet i 1990 vart kyrkja nyoppussa og det vart sett inn nytt orgel.