Brukar:Edaindirith
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edaindirith skal i teorien tyde det same som eit av namna mine på Sindain, men det er grovt feil. Eg har valt å halde på det, framfor gramatisk rette formar, av di det er det eg elles er kjend under på veven. På wikipedia har eg vore før, då som Hinakana. Grunna mye skulearbeid var eg lite aktiv eit lang bel (eg var vel i grunn ikkje serleg aktiv før det heller) og eg oppdaga til skrekk og gru då eg kom attende at ikkje berre hadde eg gløymt passordet, men at eg ikkje hadde verifisert epostkontoen eg hadde regisrert, så det var ikkje råd på å kome inn, og i staden for å mase om slikt oppretta eg heller ny konto.
Eg har lite greie på stort sett det meste, og har heller få høge utdanningsdiplom (dei kjem nok med åra), så som encyklopedisk kjelde er eg heller stussleg. Men eg er rimeleg god (meiner eg sjølv) til å omsettje artiklar frå engelsk, og til naud fransk. Eg har berre eitt fagemne eg kan bidra noko serleg til, nemleg origami. Eg er utøvaned origamist, og sjølv om eg ikkje er ein av dei heilt store meistrane, så kan eg eitt og anna om emnet, og har til og med kjelder som kan siterast.