Elva Ula
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For andre tydingar av ordet, sjå Ula.
Ula | ||
Utspring | Uladalen i Rondane | |
Munning | Gudbrandsdalslågen i Sel kommune |
Ula er ei elv som oppstår der elvene Store Ula og Vesle Ula møtest øvst i Uladalen i Rondane. Elva som renn vidare gjennom Selsverket og ut i Gudbrandsdalslågen i Sel kommune der Uladalen møter Gudbrandsdalen. Elva renn forbi steinsøylefenomemet Kvitskriduprestin.
Store Ula er den flottaste av dei to elvene, der ho renn frå Rondvatnet, midt i Rondane nasjonalpark, og lagar sjåverdige fossar som Brudesløret og Ulafalla. Vesle Ula har utspringet sitt i dei vestlege delane av Rondane nasjonalpark.
Kaldbekken, ein sidebekk til Store Ula, renn gjennom dalen Jutulhogget.