Erik Lie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Lie (1868–1943) var ein norsk forfattar, kulturhistorikar og pressemann.
Idag er Erik Lie kjend for to ting: Å ha stifta Den norske Forfatterforening i 1893 og ha forsvart Tyskland så grundig under første verdskrigen at hovudverket i så måte, Indenfor fæstningens mure, skildringer fra det beleirede Tyskland, 1918, ikkje eingong er nemd i Norsk biografisk leksikon frå 1938. Boka er einestående i den norske bokheimen. Andre nordmenn, som Bjørn Bjørnson og Eivind Berggrav skreiv nok og både om og frå keisar Wilhelms Tyskland, ingen dog så grundig og elegant som Lie.
"Saa rolig lægger alene den sig til hvile, som føler kræfterne svulme i sine lemmer og som derfor intet frygter", åpnar tysklandssskildringa frå 1918. Det er Berlin. Boka tek oss til både den tyske vest- og austfronten, frå Flandern til Finskebukta, ispedd sigersmeldingar frå den austerrikske Isonzofronten i sør. Den tyske generaliteten er hovukjelda i skyttargrav og bunkers, og til slutt vendar forfattaren i zeppelinar attende til den tyske rikshovudstaden. Boka er overveldande i sine detaljkunnskapar, i seg sjølv ei historisk primærkjelde.
Ein annan merkeleg ting ved Lie, var at han var heller franskkulturell i utgangspunktet. I 1890-åra var han biblioteker ved Sainte-Genevièvebiblioteket i Paris. Der fekk han oppretta ei skandinavisk avdeling. Hans andre hovudinteesse var ætta. Saman med emissær Faste Svendsen reiste han bauta over stamfaren deira, Mons Lie, og skreiv boka Nådigherren om same. Lie var ingen skjønnlitterær forfattar. Son av søskenbarna Jonas Lie den eldre og Thomasine Lie var han ein ættekjær nordmann, som sjølv langt inne på Wolhyniens stepper fekk fletta inn nokre ord om ulven på Rørosvidda.
Erik Lie var far til Jonas Lie den yngre.