Etymologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etymologi (frå gresk ήτυμος, ḗtymos, ordet sin meining og λόγος, lógos, lære) er ordsoge, altså studiet av korleis ord har kome inn i språket eller utvikla seg frå tidlegare språkstadier. Etymologien til eit ord vil difor i praksis ofte anten seie oss kva form og tyding vi trur den opprinnelege ordstammen hadde eller kva framandspråk ordet er lånt inn frå. For norsk og mange andre språk finst det spesielle etymologiske ordbøker som kan gi oss slike opplysningar.